- Malakoff-stemninga var på plass frå fyrste tone. Det har vore store konsertopplevingar på rekke og rad, seier fortel festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal fredag kveld.

Meir enn 10.000 publikummarar fann vegen til Malakoff Rockfestival. Laurdag er det venta endå fleire.

- Det har vore god stemning heile dagen. Det gjekk smertefritt å sleppe inn tusenvis av ungdommar på festivalcampen, Eid sentrum syda av musikk og sommar under SommarLutt-konserten, og det har aldri vore så mange publikummarar og så høg stemning på Amfiscena som under Matoma-konserten, seier festivalsjefen.

Litt ettermiddagsregn la inga demping på stemninga. Festivalen har kring 800 frivillige i sving denne helga, og alle arbeidsstasjonar har vore i full aktivitet. Til meir enn 10.000 publikummarar treng ein folk som ordnar med mat og drikke, overnatting og ikkje minst vakthold.

- Det er fornøgde folk i alle ledd. Det skal vere kjekt å vere med på Malakoff-dugnaden, og vi prøver å organisere oss med nok folk som har nok å gjere. Det er kjekt å sjå når det fungere, seier Naustdal, og er klar for ein ny festivaldag.

- Laurdag ventar vi sol og endå meir publikum. Det går mot tidendes Malakoff Rockfestival, seier Arnt-Ivar Naustdal.

Del dine festivalbilete med oss! Merk bileta med #fjtsommar på Instagram eller send dei til fjt@fjt.no.

Andre saker om Malakoff Rockfestival