- Malakoff er ein av Norges beste festivalar, utbasunerte Sivert Høyem til eit lydhøyrt publikum fredag kveld.

Stemninga var stor då 10.000 stimla saman framfor scenekanten i det flotte parkområdet på Malakoff - for å høyre ein av landets største artistar med den djupe røysta. Publikum var i ekstase.

- Det er flott å vere her igjen, sa Høyem.

- Her er eit fantastisk publikum. Programmet i år er som alltid veldig sterkt, og vi har gleda oss lenge til dette, fastslår vokalisten.

Etter konserten skrev Høyem dette på sin sin Facebook-side:

"Takk for oss! Vi elsker denne festivalen ... Fantastisk publikum! Top of the World! Kos dere videre folkens."

Andre saker om Malakoff Rockfestival