- Kjempekjekt å vere familie på festival, meiner Oda Marie Heggdal frå Nordfjordeid.

Dottera Mari Othilie 1 ½ år er på Malakoff Rockfestival for andre gong saman med mamma Oda og pappa Kenneth Risøy. Rosa hørselsvern vert flittig brukt, og eittåringen ruslar rundt på festivalområdet og gjer store auge av alt ho ser.

- Ønskjet er å introdusere henne for musikk, utan at det blir fyllerøl. Eg håper ho også skal bli glad i musikk. Å vere familie på festival er heilt topp. Så trekkjer vi oss tilbake etter ei stund, og så kan ein heller kome tilbake etterpå, fortel Heggdal.

Planlegging

- I utgangspunktet har eg ikkje noko forhold til spelelista, og må difor høyre gjennom på artistane på førehand. Når ein har barn må ein planlegge nøye kva ein skal høyre på under festivalen. Vi kombinerer to verdenar fordi musikk er viktig for oss, seier ho.

Til Malakoff har ho også med seg familie og vennar.

- Festivalen er sosial, og årets happening for Nordfjordeid. Den er viktig for Eid både med tanke på det sosiale liv, butikkane og reklame for bygda. Det er viktig å ha noko som er kjent, og at folk kjem hit for å oppleve festivalen, smiler ho, som gleda seg mest til å høyre Kvelertak og Matoma.

Naturleg

Også dei utflytta eidarane i familien Rindal/Midthjell kjem frå Ålesund til Eid på grunn av festivalen.

- Dette er sjette året vi er på festival som familie, så for oss er det heilt naturleg. Vi må ha det med oss, når det skjer heime på Eid, seier mamma Marie Rindal og pappa Per Erik Midthjell.

Dei har med seg borna Agnes (6), Kasper (4) og Håkon (1).

- Under festivalen er det mykje som skjer i Eidsgata og inne på festivalområdet er det populært med rockehår. Etter ei stund på festival vert ungane sendt heim. Besteforeldre stiller opp som barnevakt, og vi vaksne reiser ned igjen på festival, fortel dei.

Dei utflytta eidarane meiner det er naturleg å vere familie på festival. F.v. mamma Marie Rindal, Kasper (4), Agnes (6), pappa per Erik Midthjell og Håkon (1).

At det er 69-åringen IggyPop som er eit av årets trekkplaster på festivalen har dei ingenting imot.

- Så lenge gamlingen leverer er det  greitt, smiler pappa Per Erik.

Da vi møtte de så han fram til å oppleve nettopp Iggi Pop, OnklP og Vintage Trouble.

- Vintage Trouble var fantastiske i 2014, og eg gleder meg stort til å oppleve dei igjen. Det blir eksepsjonelt, sa Per Erik om bandet som sto på Malakoff-scena fredag kveld.

Dag 2 av Malakoff Rockfestival er nå godt i gang i strålende festivalvær. Her spiller hjemmehelten Aleks Grey på Amfiscena tidligere i ettermiddag:

Del dine festivalbilete med oss! Merk bileta med #fjtsommar på Instagram eller send dei til fjt@fjt.no.

Andre saker om Malakoff Rockfestival