- Å oppleve ei så stor stjerne på Malakoff-scena er ein stor draum som går i oppfylling, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

- Iggy Pop er den største artisten vi har hatt på Malakoff nokon gong, og rockelegenda leverte også ei av dei største konsertopplevingane i Malakoff-historia, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal i ei pressemelding etter at den 14. Malakoff Rockfestival vart avslutta natt til søndag.

Utan å opplyse om nøyaktig kor mange som var innom skriv festivalsjefen at ei "rekordstor folkemengde var på festivalen laurdag, og såg ut til å storkose seg".

Iggy Pop viste at han er legendestatusen verdig og trollbann publikum frå fyrste tone.

Laurdagen var ein musikalsk fest med Odd Nordstoga og Gabrielle som dei store publikumsdragarane før Iggy fylte området til randen. Då Odd Nordstoga spelte laurdag ettermiddag vart festivalområdet fullt av barn, ungdom om vaksne i alle aldrar som koste seg i lag på konsert, song og dansa.

- Det er viktig for oss å skape gode konsertopplevingar for alle. Det skal vere kjekt å oppleve konsertane på Malakoff. Når vi ser korleis publikum kosa seg veit vi at vi har lukkast, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal, som er i full gang med planlegging av nye rockeopplevingar for publikum i 2017.

Andre saker om Malakoff Rockfestival