Bremanger Camp var lett synlege på festivalcampen på Malakoff, der ei gammal bestemorgardin blafrar mellom trea og viser veg. Stemninga var på topp både der og i ein av Måløy-leirane.

- Vi er nok 30-40 stykk som er samla her. Alle er med. Vi er inkluderande, og hit kjem både måløyværingar og andre, gliser Vegard Nygard, leiar for Bremanger Camp.

- Det er vi som er kjernen på festivalcampen. Alle kjenner alle. Campen er det viktigaste med festivalen. Tidleg fredag stilte vi oss i kø, og tok 6.20-ferja frå Isane for å kome oss på festival. Også det er sosialt, fortel han.

Campen er tradisjon, og i år feirar dei seks-årsjubileum.

- Det er ei stor glede å vere her. Høgdepunktet var Vintage Trouble og ein vert riven med. Odd Nordstoga var også veldig bra. Det er kjekt dei brukar norske musikarar, som Sivert Høyem med si bærande røyst, seier Nygard.

Lenger nede på campen finn vi ein stor festivalgjeng frå Måløy.

- Vi har hatt same camp i ni-ti år, med stort sett same folk. Alle samlast på sommaren og det er god stemning. Vi nyte Eid. Det er kjekt å dele litt på fjorden, seier Håvard Tennebø, som meiner dei er rundt førti saman på campen.

Del dine festivalbilete med oss! Merk bileta med #fjtsommar på Instagram eller send dei til fjt@fjt.no.

Andre saker om Malakoff Rockfestival