– Etter vår vurdering har mange av dei eldre prestegardane i Norge høg verneverdi, seier Norsk Kulturarv.

Prestegardane har vore viktige kulturinstitusjonar i bygdene, og har mange stader eit verdifullt bygningsmiljø som i mange høve også har gitt impulsar til lokalmiljøa, skriv Norsk Kulturarv i ei uttale etter årsmøtet.

Hausten 2015 oppheva Stortinget buplikta for prestane i Norge. Norsk Kulturarv er bekymra for at konsekvensane kan bli alvorlege for mange viktige kulturminne når prestane flytter ut av gardane.

Opplysningsvesenets fond, som eig over 400 prestebustader i Norge, har etter vedtaket om oppheving av buplikta gått ut med signal om at dei vil avhende mange av eigedomane som ikkje lenger vert nytta til prestebustad.

Om lag 150 av prestegardane har etter fondet si meining ein spesiell kulturhistorisk verdi som gjer at dei ikkje kan omsettast i den opne marknaden.