I år ønskjer Måløy Havfiskefestival å satse meir på miljø. Difor har dei saman med lokale aktørar laga sin eigen Blekkulf.

– Ideen til Blekkulfen fekk eg etter at eg hadde vore på påskeferie i Sverige og sett kor kjekt ungane mine hadde det med ein maskot som var der. Både toåringen og femåringen gleda seg til neste dag når dei skulle få møte maskoten igjen. Dette hadde eg veldig lyst til å prøve å få til på Havfiskefestivalen også. Men òg å få noko kulturelt og lærerikt ut av det i tillegg, fortel dagleg leiar for Måløy Havfiskefestival, Sunniva Oldeide, som seinare lufta ideen for resten av organisasjonen.

Måløy Havfiskefestival har sett seg eit mål om å ha ein tydleg miljøprofil på årets arrangement, og Oldeide understrekar at miljø har vore viktig for festivalen sidan oppstarten.

– Miljøfokuset har lagt i kulissane tidlegare. Vi har snakka om at vi tar vare på lange tradisjonar, men det har ikkje vore eit uttalt mål at miljø og berekraft skulle vere i fokus. Der har vi teke eit stort steg i år, seier ho.

– Når vi dei planane og måla vi har sett oss framover kjem vi til å merke oss ut som nytenkande og grøne. Vi ønskjer ikkje berre at det skal vere snakk om miljø, men at det skal bli ein integrert del av festivalen.

Ifølge arrangørane skal det vere lett for publikum å sjå at festivalen satsar på miljø i år. Til dømes med Blekkulfen, som er under produksjon.

– Viss vi skal vere ein kulturformidlar må vi ha noko læring, men dette kan gjerast på ein kjekk og leikande måte.