– Vi har allereie no seld billettar til alle showa før jul, og det er veldig kjekt, seier Ronny Silden Totland i Nordfjordhallen Drift.

Silden Totland er svært godt fornøgd med at det allereie i juli er seld billettar til alle haustarrangementa i Nordfjordhallen.

– Folk verkar veldig positive, og vi har fått svært gode tilbakemeldingar, fortel han.

Den daglege leiaren legg til at med spikra program, andre arrangement innimellom og tilstellingar elles i Nordfjord kjem det til å skje noko kvar helg gjennom heile hausten.

– Det er veldig viktig å samarbeide. Det kjekkaste er å sjå at publikum gliser etter ei god kulturoppleving, då har eg gjort jobben min, understrekar han.

Prøvar å fornye seg

Silden Totland fortel at han alltid ser etter variasjon, og seier at han kvart år prøvar å gjere noko annleis.

– Det er viktig at å ha litt for alle, slik at ein treff eit breitt publikum, seier han. På haustplakaten finn ein alt frå konsert med Viggo Sandvik og Gøran Fristorp (6. oktober), til føredrag med Berit Nordstrand (24. oktober) og Vennebyen (11. oktober).

– Vi har prøvd å legge opp til litt for dei minste også, i og med at det ikkje er så mange barneshow her, forklarar han, og legg til:

– Vi får også besøk av Eva Weel Skram (8. oktober), Jul i Blåfjell (3. november), Vamp (30. november) og Gospelgruppa Harlem Voices frå USA (5. desember).

For å sparke det heile i gong blir første arrangement countryshow 10. september.

Gjer litt kvart år

Silden Totland fortel at dei no førebur seg til hausten med ein del oppussing på huset.

– Vi gjer litt kvart år, slik at det ikkje går 40 år mellom kvar gong, seier han.

Han forklarar at dei mellom anna har måla, skifta alle dører og fått fleire nye lys. Det treng ikkje å koste så mykje, påpeiker han.

Leiaren legg til at artistane som opptrer i Samfunnshallen skryt veldig av salen.

– Vamp har sagt at salen er ein av Vestlandet sine beste. Også blir dei veldig glade for å få tørrfisk når dei er her, ler Silden Totland. Han fortel at salen blir brukt til mykje, og at den lett kan tilpassast anledninga.

– Når Eva kjem skal den bli mindre og koseleg, seier han.

– Det kjekkaste er å sjå at publikum gliser etter ei god kulturoppleving.