Namn: Lasse FlødeAlder: 28 årBustad: Oslo, men kjem frå StadlandetSivilstand: singelYrke: fotograf

– Kva skal du i sommar?– Det vert ein hektisk sommar med ferdigstilling av ei bok eg lagar, samt pendling til kontoret eg har opna i København. Satsar på eit par veker heime også.

– Kva legg du helst på grillen? – Smakfulle råvarer, som forhåpentlegvis smakar like godt som ein innbiller seg.

– Kva er din største draum?– Det er viktig og tore å drøyme, og like viktig og tore å halde dei litt hemmeleg.

– Korleis skal du kople av i sommar? – Målet er å få kopla av nokre dagar heime på Stadt, og å bruke tida ute, på hav, mark og fjell.

– Kva gjer deg glad? – Ein lang kveld rundt eit bord med god mat, drikke og prat.

– Kva gjer deg trist og lei?– Det er vanskeleg å ikkje bli trist og lei av den høgrevridde bølga som slår over verda. Å lese hatefulle ytringar om religion, nasjonalitet og legning, som ikkje har anna grunnlag enn uvitenheit og frykt.

– Kva les du i lokalavisa? – Eg held meg oppdatert på det som skjer heime, og på dei frustrerande realitetane kystområda generelt vert sett i. Men det er artig når det vert via spalteplass til gladsaker, og historiene om dei som torer, orkar og vil.

– Kva er du mest stolt over med heimstaden din? – Når ein flyttar vekk, ser ein etterkvart kor unikt Stadlandet er. Den majestetiske naturen er til tider så fantastisk at det nesten vert for dumt.