Eid-lennsmann Tormod Hvattum er godt fornøgd med samarbeidet med Malakoff-arrangørane og er positiv til ei utviding av festivalen.

– Arrangørane er ein veldig seriøs gjeng, og dei har god struktur på arrangementet, seier Eid-lensmann Tormod Hvattum som fortel at vakthaldet og arbeidet med dei frivillige fungerte godt gjennom heile festivalhelga.

– Vi er sjølvsagt nøydde til å halde trykket oppe, men dersom ein går for ei utviding er vi positive og har trua på at det går bra, konstaterer han.

Mindre saker

23 personar vart i år tekne med narkotika på festivalområdet, men ifølgje Hvattum var dette som forventa.

Svein Arne Henjesand er områdeansvarleg på Malakoff, og trur ikkje at ekstra vakthald vil bli eit problem.

– Vi har allereie konsert i Gymmen torsdagen, og dersom vi går for ei utviding vil dette innebere å flytte konserten ned på Amfiscena, seier han.

Henjesand påpeiker at ein allereie har ein del vakter under torsdagskonserten i Gymmen, og at ei utviding berre vil krevje litt ekstra. Henjesand har hovudansvaret for rigging under rockefestivalen, og fortel at han har god hjelp i lokale lag og organisasjonar.

– Mellom anna er Symjeklubben, Bondelaget og Alpinlaget med, fortel han.

Kan bli flinkare

Under festivalhelga var om lag 900 frivillige i sving.

Festivalsjef Naustdal har tidlegare sagt at dei alltid kan bli flinkare, særleg med tanke på sikkerheit.

– Festivalcampen er eit stort område, og vi må prioritere. No skal vi ha ei evaluering og sjå på bemanning og vakter, sa Naustdal etter fesitvalen.

Stolar på leiinga

På spørsmål om kva Thomas Heimsæter i Nordfjordeid senter tenker om ei utviding av Malakoff Rockfestival fortel han at han og butikkane i Eid stolar på at festivalarrangørane tar riktige avgjerdsler.

Heimsæter er nyvald leiar i Nordfjordeid senter, som er senterforeininga for handelsstanden i Eid.

– Vi har uansett tillit til at festivalleinga tek gode avgjersler rundt Malakoff si form og størrelse, legg han til.

Ordførar Alfred Bjørlo (V) meiner òg at dette er opp til festivalen å avgjere, og seier at festivalen er fantastisk uansett om den går over to eller tre dagar.

– Det er ingen praktiske forhold som har med kommunen å gjere som kan stikke kjeppar i hjula for ei eventuell utviding, påpeiker Bjørlo.

Vidare seier han at det i utgangspunktet vil vere fullt mogleg å ha utvide festivalen, men påpeiker at det vil vere krevjande.

– Mange festivaldeltakarar kjem allereie til Nordfjordeid torsdag, så sett ut i frå dette vil det vere mange positive sider ved ei eventuell utviding. Spørsmålet er om ein har nok menneskleg kapasitet, men det blir opp til arrangørane å avgjere, avsluttar Bjørlo.