For tredje året på rad skal gamle og staselege bilar rulle gjennom sentrum under Elvisfestivalen. No utvidar arrangørane målgruppa, og håper på rekord.

– Paradane er nokre av høgdepunkta under festivalen, og vi ønskjer at flest mogleg skal ta del i festen. Difor har vi i år valt å inkludere både AMCAR, veteranbilar og gatebilar, fortel komiteleiar, Bjørn Henden.

– Vi såg i fjor at det vart litt kjedeleg for dei bileigarane som ikkje fekk ta del i Elvisparaden, og satsar difor på å endre dette i år, fortel Henden.

Gjentar suksessen

Noko som vart ein suksess under det første året og fjorårets parade var at artistane fekk sitte på i dei opne amcarbilane under Elvisparaden. Dette er noko komiteen ønskjer skal bli ein tradisjon.

Gjengen som utgjer komiteen er ikkje i tvil om at eit opptog med høg motordur høyrer heime på ein Elvisfestival.

– Elvis var ein motorentusiast, og hadde sansen for både bilar, motorsyklar og fly, så ei parade med flotte bilar hadde han nok hatt stor sans for, smiler komiteen, som håper på at eit stort publikum vil møte fram for å sjå på bilane.

– Det var greitt med publikum i fjor, men det er god plass til fleire, seier Arvid Førde.

«Sylindersykja»

Komiteen har tru på eit godt frammøte av bilar under årets parade. I fjor var det om lag 45 bileigarar som deltok, og arrangørane trur det blir fleire i år. Men komiteen må leve i spenning fram til laurdagen under festivalen for å få svar på kor mange som kjem.

Per i dag finst det ikkje ein eigen amcar- eller veteranbilklubb i Måløy, og karane i komiteen er ikkje sikre på at vegen å gå er å opprette ein slik klubb.

– Interessa for veteranbil er aukande, men eg trur området her er for lite til at vi skal ha ein så snever klubb. Løysinga måtte eventuelt ha vore å få på plass ein bilklubb. Felles for både AMCAR-, veteranbil- og gatebileigarar er interessa for motor og at vi alle er bitne av sylindersykja, smiler ein samstemt komité.

Barnas Elvis

Det er ikkje berre bilar og artistane som skal få gå gjennom gata under Elvisfestivalen. Fredagen blir det barnas parade.

– I forkant av paraden blir det opning av Elvis Presley Boulevard med ordføraren i Vågsøy, som skal klippe snora, så vi håpar mange vil kome å ta del i dette flotte arrangementet.