Namn: Clara SibondagaraAlder: 15 årBustad: EidSivilstand: singelYrke: elev

– Kva skal du i sommar? – Eg skal bade, grille og vere mykje saman med familie og gode vener. Og Malakoff høyrer med til sommaren.

– Kva er ditt favorittreisemål?– Eg har aldri vore der, men har ein draum om å reise til Roma. Har lyst å sjå det eg trur er ein fantastisk by med flott arkitektur.

– Kva legg du helst på grillen?– Hamburger. Det er typisk sommarmat for meg.

– Korleis vil du beskrive ein perfekt sommardag? – Ein dag full av sol der eg og alle venene mine samlast på ei strand. Vi badar, grillar, solar oss, høyrer på gladmusikk og spelar spel.

– Kva gjer du ein regnvêrsdag? – Då er eg inne saman med søskena mine og finn på noko morosamt med dei. Det går ofte i kortspel.

– Kven vil du gi ei korg jordbær? – Eg ville delt den med vennegjengen min.

– Kva er ditt beste sommarminne?– Då eg var i Canada saman med mykje familie i fjor. Vi grilla mykje og kosa oss kvar dag. Den turen kunne eg tenkt meg å gjere igjen.

– Kva gjer deg glad? – Sport og det å vere i aktivitet. Blir spesielt glad av fotball. Og så likar eg å symje.

– Kva gjer deg trist og lei? – Når venene mine og familien min ikkje har det bra, og eg ikkje kan gjere noko med det. Og så er det kjedeleg med dårleg vêr.

– Kva les du i lokalavisa? – Eg les omtrent alt. Spesielt på nettavisene.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?– Malakoff 2016, beste Malakoff nokon sinne.

– Kven beundrar du? – Eg beundrar foreldra mine for all omsorgen dei gir, og alt dei gjer for å hjelpe meg og søskena mine.