Namn: Stig Evan Vik Alder: 48 årBustad: SyvdeSivilstand: singelYrke: maskinsjef

– Kva skal du i sommar? – Eg har ein plan om å få gjort litt i hagen rundt huset. Planen er å få sett opp nokre murar og få laga til resten av plena.

– Kva er ditt beste sommarminne? – Eit veldig kjekt sommarminne er frå då eg som liten besøkte bestemor på Hakkalestranda. Eg fekk låne færingen til onkel og rodde utpå og fiska småsei som vi åt til kveldsmat etterpå.

– Kva er typisk sommar for deg? – Eg føretrekker å vere heime om sommaren, og det å vere heime frå sjøen er meir enn nok avkopling for meg. Heime kan eg arbeide litt, køyre motorsykkel og ikkje minst dykke om sikta er god.

– Har du ein hobby?– Eg har dykka i mange år. Ikkje så veldig aktivt dei siste åra på grunn av husbygging, men aktivitetsnivået mitt har auka siste året. Eg er også godt over middels interessert i bil og motorsykkel, og har blant anna ein Tempo Swing frå 1957 under restaurering.

– Kva legg du helst på grillen? – I og med at eg er sportsdykkar og har god tilgang på kamskjel, så er ferske sjølvsanka kamskjel ein favoritt.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende? – Programmet for opninga av Stadt skipstunnel, der medlemmane i Ægir-dykkerklubb får lov til å dykke gjennom tunnelen.