Brak har haustprogrammet klart for Sogn og Fjordane, og er no på jakt etter artistar som vil vise seg fram.

– Denne møteplassen er ei unik moglegheit til å syne seg fram for både regional og nasjonal bransje, og det er mange artistar som har fått både spelejobbar på festivalar, platekontrakt og liknande ut av å spele på Blest, skriv dei.

I tillegg til å vere ei scene å vise seg fram på er nettverksbygging ein stor del av Blest. Her skal ein knytte kontakt med andre musikarar, med arrangørar og bransjefolk.  Dette skal gje kunnskap og nye impulsar til arbeidet som musikar.