Etter tre forsøk er det lite truleg at Petter Kragset prøver seg på Mount Everest igjen.

– Eg har prøvd å nå toppen på Mount Everest tre gongar. I 2005, 2006 og 2009, fortel vanylvingen Petter Kragset.

– Det er det same som skjer kvar gong. Å vere for lenge i så høg høgde toler eg ikkje så godt. Kroppen begynner å brytast ned. For å greie å nå toppen, må ein akklimatiserast, og kroppen min greier det ikkje.

Kjærasten Sissel Smaller var på toppen i 2005 som tredje norske kvinne.

– Har du gitt opp?

– Det er det litt vanskeleg å seie at ein har gjort. Men det er lite sannsynleg at eg prøvar igjen, seier han.

Å klatre dei høgaste toppane på alle kontinent, Seven summits, er rekna som ei stor utfordring i fjellmiljøet.

– Eg har seks av dei, alle bortsett frå Everest, seier han.

Lista inneheld bortsett frå Mount Everest, Aconcague (6.962 moh.) i Argentina, Mount McKinley (Denali, 6.194) i USA, Kilimanjaro (5.895) i Tanzania, Elbrus (5.642) i Russland, Vinson Massif (4.892) i Antarktis, og så diskuterer ein om det er Carstensz Pyramid (4.884) i Indonesia eller Kosciuszko (2.228) i Australia som blir rekna som det sjuande fjellet.

Kragset har også besøkt dei høgste punkta i 110 ulike land, og vore ute for farlege turar.

– På Elbrus i 2002 blei vi overraska av dårleg vêr, men det gjekk bra til slutt, fortel Kragset.

Turfølgjet blei overraska av dårleg vêr i 2002. Her er Frode Høgset på veg ned att.

På fjelltur i Kirgisistan hadde han flaks.

– Eg måtte gje meg for eg blei dårleg. Ein dag etter eg hadde snudd gjekk det eit kjemperas. Raset gjekk akkurat då eg skulle ha vore på veg opp eller på veg ned att. Eg følte at eg hadde flaks då, seier 56-åringen.

– Ho har også ei stor fjellinteresse. Vi trefte kvarandre første gongen i 2005 på basecamp på Mount Everest, fortel han.

På neste langtur rundt nyttår blir også Sissel med.

– Eg har ikkje New Zealand endå, så då blir det Mount Cook, det blir kjekt med litt klatring på is og fjell. Og så håpar vi å få tid til eit par Stillehavsland.

Petter Kragset og Sissel Smaller har begge prøvd seg på Mount Everest, berre sistnemnde klarte å nå toppen. Dei møttest på fjellet i 2005 og blei seinare kjærastar.