Janne Halsør vart intervjua i vår Fort Sagt-spalte fredag:

Namn: Janne Halsør

Alder: 54 år

Adresse: Halsør

Sivilstatus: giftYrke: styrar/førskulelærar

Hobby: turar og å drive frivillig arbeid gjennom UL Dæmring

Aktuell med: er med å arrangere Halsør Grand Prix, som i år blir laurdag 27. august.

– Kva er Halsør Grand Prix?

– Arrangementet har eigentleg tre bein å stå på. Det er olabilløp, sykkelløp og fjelløp. Det er tenkt for barn og familien, og alle er velkomne!

– Dette har vore arrangert før, med stor suksess?

– Ja, vi arrangerte det for første gong i fjor, og det blei ein kjempesuksess. Vi hadde i alle fall over 300 frammøtte. Då var det også opninga av Halsørsanden byggefelt. Elles var det olabilløp, fjelløp med konkurranse og mosjonsløp, og sykkelløp med konkurranse og for mosjonistar. Mange møtte opp, trass i mykje forskjellig vêr. Det var jo alt frå styrtregn til varme og herleg sol.

– Så kva vil skje no på laurdag?

– Vi gjentek suksessen frå i fjor. Det blir olabilløp, fjelløp til Børahornet, sykkelløp rundt Nord-Vågsøy, banesykling og treff for veterankøyretøy. Ta med heile familien til ein fin dag med aktivitetar, leik og moro.

– Er det noko nytt i år?

– Ja, vi har valt å ikkje ha konkurranseklasse på sykkelløpet. I fjor var det eigentleg berre mosjonistar som ville vere med. Elles er det som i fjor, men vi har kanskje endå meir fokus på barn i år. Vi har sett saman leikar og tenkjer aktivitet for heile familien.

– Er olabilløpet berre for dei minste?

– Nei, det er open klasse også. Det er ein litt brattare bakke for dei større som kan styre, og ein litt mindre bakke for dei minste. Men det er ikkje konkurransar, berre deltaking. Så kan ein køyre så mykje ein vil. Det handlar ikkje om å køyre fortast, men å vere aktive og ute saman. Å byggje olabilen sjølv, gjere det saman, er også viktig.

– Korleis trur du laurdagen kjem til å bli?

– Eg trur oppmøtet avheng av vêret, men sida vi er fødde og oppvaksne her, så er ein ikkje redd for litt regn. Det er berre å kle seg, så blir ein tatt godt vare på her med bevertning av forskjellig slag. Vi håpar på ein fin dag ute med mykje familieaktivitetar der alle er hjarteleg velkomne. I år vil også MIL Sykkel delta. Dei skal ha banesykling og sykkelløp/rebusløp.