– Målet er å ha noko som eg synest er veldig interessant å gjere på resten av livet, seier Petter Kragset, som brukar mesteparten av tida si i fjell rundt om kring i verda.

I tillegg til å «samle på» dei høgste punkta i alle land.

– Vi har sprunge på fjellet heile livet. Vi vaks opp på Hakallestranda, og vi vart ofte innleigde til å springe på fjellet for å sanke sauer til slekt og naboar, seier Kragset og fortset:

– Vi vaks opp i naturen, vi brukte fjæra og vi brukte fjellet, seier 56-åringen.

Petter Kragset har vore fem-seks gongar på Kilimanjaro. (5.895 moh.) i Tanzania, som er Afrikas høgaste fjell. Her ifrå 1997.

Fram til 1997 dreiv Kragset eit målarfirma i lag med søskenbarnet i Oslo.

– Kvifor trappa du ned?

– Det har med interesse for livet å gjere. Eg bryr meg ikkje om å tene pengar, eg har nok i livet til å leve. Eg vil bruke tida mi på ting eg synest er interessant, fjell og natur. Eg er glad i å jakte, og så spring eg mykje.

Ultraløp er det nye store, der ein kombinerer fjell og springing, fjelløp i terreng.

– Eg er berre mosjonist og gjer det berre for at eg synest det er veldig kjekt, seier Kragset.Mange vil kalle livet han har valt å leve utradisjonelt.– For meg passar dette veldig godt, seier han og utdjupar:

Her er Kragset på Mount Vinson (4.897 moh.) i Antarktis som han besøkte i 2001. Dette er det høgste punktet i Antarktis og ein av dei sju høgste toppane – Seven Summits – på dei sju kontinenta .

– Det er viktig å utnytte dei moglegheitene ein har livet. Vi er forskjellige. Eg er så heldig at eg kan halde på med dette. Då gjer eg det.