Namn: Reidun TryggestadSivilstatus: giftYrke: inspektør i Statens vegvesenBustad: Nordfjordeid

– Kva er du mest oppteken av?–  Eg har begynt å få vaksne ungar som har reist bort for å studere, og noko av det som opptek meg er å få arbeidsplassar og gode oppvekstvilkår lokalt, slik at vi får ungane til å flytte tilbake til Nordfjordeid, eventuelt Nordfjord seinare. I sommar var eg også med på å gjennomføre tidenes Malakoff Rockfestival. Der var eg baransvarleg og jobba saman med ein heil gjeng med flotte frivillige medhjelparar. No er vi i gang med å evaluere og planlegge for neste år, eg gler meg allereie.

– Kva gjer du på fritida?– Eg likar å gå på turar i fjellet. Det finnast ikkje noko som gir meir energi enn å ta seg ein tur på fjellet i lag med hunden. Då får ein samla tankane og senka skuldrane.

– Kven beundrar du? – Det er vel mi mor og mine svigerforeldre. Dei har alltid vore der når vi har hatt behov for hjelp.

– Kva er det beste med heimstaden din? – Naturen, og det gode tilbodet som Eid kommune har når det kjem til kultur, skule, fritidsaktivitetar og ikkje minst satsing på framtida. Vi treng utvikling for at Eid skal vere ei interessant kommune å busette seg i.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende? – Mangfald av spennande jobbtilbod gjer at unge flyttar heim.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?– Eg ville ha samla Nordfjord til ei storkommune. (Men då treng eg å vere ordførar i alle Nordfjord kommunene).

– Kva kulturoppleving hugsar du best?– Det er den siste Malakoff Rockfestival, men har også mange gode kulturopplevingar med Opera Nordfjord.

– Kva har du på nattbordet? – Som regel ei bok, men på grunn bryllaupsførebuingar i samband med dottera mi sitt bryllaup, har det vore lite tid til lesing. Som regel ligg der ei krimbok eventuelt ein god roman.

– Kva nettsider er du innom i løpet av ein dag? – Nettsidene til lokalavisene og NRK Sogn og Fjordane. Når eg har tid, så er eg innom dei landsdekkande mediene også.

– Kva er din største draum? – Fekk oppfylt ein stor draum i fjor, då fekk eg hoppe i fallskjerm. Eg er glad i å reise, så ein rundtur i USA i lag med mann og barn, hadde vore ei kjekk oppleving.