Selja Forlag-eigar Torkjell Djupedal har røter og hus i Selje, bustadadresse Førde og fortid i Sogn. – Eg kjenner meg som sognogfjording, seier han.

I år er det 20 år sidan Selja Forlag vart skipa. Frå ein tilfeldig start har gründeren brukt åra på å bygge opp ei forlagsverksemd med tre tilsette og ein årleg omsetnad på 6–8 millionar kroner. Over 200 bøker er komne ut på forlaget, ein stor del av dei frå Nordfjord.

Han har hus i Djupedalen rett utanfor Selje sentrum. Besteforeldra bygde huset i 1927 etter at bestefaren fekk tomt av bror sin som tok over garden. Far til Torkjell, Reidar, vaks opp i huset og overtok eigedomen etter foreldra. Men som professor i norsk og nordiske språk flytta han og familien rundt til stader som Bergen, Oslo og Trondheim. Dei budde aldri fast i Selje.

Då Reidar døydde i 1989, tok Torkjell over huset. I dag framstår eigedomen som ei lita perle med raudmåla hus og utsikt over Selje og Selja.

Eit kontor i huset med pc-en på og bøker utover bordet, avslører at han ikkje har teke fellesferie. I ein krok på kontoret står bokhylla med alle dei over 200 utgjevingane til Selja Forlag. På 20 år gjev det eit snitt på 10 bøker årleg. Dei siste åra har forlaget gjeve ut 12–15 bøker årleg, og dei har selt over 400.000 bøker desse åra.

Her har Torkjell Djupedal samla alle dei over 200 bøkene han har gjeve ut som forleggjar. – Eg fann ut at dette var noko eg både fekk til og likte å gjere. Det enda med at eg sa opp NRK-jobben i 1997.

– Det starta i 1996 då det var 1000-årsjubileum for Selja som helgenstad. Eg var journalist i NRK Sogn og Fjordane på den tid, og oppdaga at det knapt fanst litteratur om Selja. Hugs at Selja er eit av dei viktigaste kulturminne i landet. Eg hadde lyst å prøve meg, men opplevde liten interesse hjå forlaga eg spurte. Så då skipa eg eige forlag. Det var aldri planen frå byrjinga at dette var noko eg skulle byggje vidare på. Men det gjekk bra, boka selde 5.000 eksemplar. Eg vart også førespurt av andre om bokutgjeving, og fann ut at dette var noko eg både fekk til og likte å gjere.

Trass god omsetnad og 20 års levetid skildrar forleggjar Torkjell Djupedal bokbransjen som «ein kamp».

– Bokhandelkjedane er blitt mykje sterkare, og mykje vert bestemt frå Oslo. Vi har ingen kjedeavtale, og er avhengig av å lage så gode, relevante bøker at bokhandlarane tek dei inn likevel, seier Djupedal.

Han jobbar med fleire bøker om Nordfjord:

Opptur-bøkene som Torkjell Djupedal held eit eksemplar av her, er ein stor suksess for Selja. Oppturboka for Hordaland er den som har selt mest i forlaget – 22.000 eksemplar så langt.

– 3. oktober kjem Nordfjordboka, ein kulturhistorisk vegvisar på over 500 sider. Den er eg ekstra stolt av. Elles jobbar vi med ei jubileumsbok for kyrkjene i Selje som er 150 år i år. Og ein biografi om kunstnaren Bernt Tunold som voks opp her i Selje ilag med bestefaren min. Eg meiner Tunold er den største målaren frå Nordfjord, men han har kome i skuggen av Astrup. Håpet er at boka kan løfte Tunold fram att der han høyrer heime. Frå Nordfjord kjem vi også med ei bok om gamle Eid og Hornindal, og ei om Gloppen Hotell.

Forlaget har ein vestlands- og nynorskprofil. Det samsvarer med identiteten til forleggjaren.