Navn: Bjørn TungevågAlder: 37 år Sivilstatus: sambuar, eitt bornBustad: MåløyYrke: prosessoperatør på Nergård, bartender, festivalarrangør og mykje anna rart

– Kva er du mest oppteken av? – Eg er oppteken av at folk rundt meg skal ha det bra. Har folk rundt ein det bra, så har ein det bra sjølv også.

– Kva gjer du på fritida? – Då blir det å tilbringe tid med familien, og reise på Silda for å slappe av. Dersom det vert spelt Liverpool-kamp sitt eg limt framfor TVen.

– Kven beundrar du? – Eg beundrar mange, kanskje spesielt dei som tar vare på dei svakaste i samfunnet, og dei som sloss for rettferd. Elles så må eg nemne sambuaren min, Elisa, som har eit beundringsverdig tolmod, sånn at eg får styre på med alle rare idear som dukkar opp.

– Kva er det beste med heimstaden din? – Det beste med Måløy og Vågsøy er innbyggjarane her. Rett og slett alt vi får til her ute på kysten og samhaldet vi viser når det er behov for det.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende? – Nergård og Pelagia er enige om forlik, og Nergård held fram med drifta på Trollebø!

– Kva ville du ha gjort om du var ordfører for ein dag? – Å vere ordførar kan sikkert vere både hyggelig og ein Uriasjobb, ikkje mykje ein får gjort på ein dag, men vi skulle kome godt i gong med satsing på turisme, bygging av eitt hotell med kurs og konferanseavdeling, havbasseng, konsertscene, restaurant og bar.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?  – Det har blitt ein del, men det som har gjort mest inntrykk var nok første gong eg kom inn på Andield Road og fekk sjå Liverpool-kamp som 11-åring. Samt nissefestane i samfunnshallen som born. Det var noko magisk over det også.

– Kva har du på nattbordet?  – Telefon, vekkjarklokke, klokkeradio, halsdrops og ei bok.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?– Fjordenes Tidende, VG, sildesalgslaget, tv2, Liverpool, valutakurser og Facebook blir besøkt kvar dag.

– Kva er meininga med livet? – Det var djupt... Å leve livet så godt du kan, gjere ditt beste i alt du gjer og vere rettferdig og løysingsorientert. Då trur eg kanskje vi er inne på noko.