– Det var rett og slett ei magisk oppleving, seier arrangør Bjørn Inge Berge om den første utgåva av Midtgard Festival i Selje.

Kunst- og opplevingsfestivalen såg dagens lys denne helga i låven til Berge, som ligg mellom Selje sentrum og Eidekrysset. Arrangøren er svært godt nøgd med gjennomføringa, sjølv om festivalen ikkje vart ein kommersiell suksess. Det hadde Berge heller ikkje forventa.

– På det meste så var her opp mot 70 personar samstundes. Festivalen vart gjennomført med lovande kunstnerisk nivå, og vi har hatt nokre dagar med god stemning og utveksling av erfaringar som vi veks på, seier Berge, og legg til:

– Publikum løfta heilskapen til ei oppleving. Vi hadde barn som kom og leika i det tredimensjonale veggmåleriet, og responsen frå publikum på bilete, dans og musikk har vore oppløftande. I tillegg til at mange frå Selje tok turen innom kom det også folk frå andre delar av landet på besøk og vi har hatt ei god kjensle av samhald.

På programmet stod blant anna lokale artistar som Camilla Jørgensen frå Selje og Sølvi Hopland Aemmer frå Vågsøy, trommereise med Gullvald Kløvning, utstilling ved Asbjørn Rødberg, Vera Holmen og Anita Eide, og arrangøren sjølv i samspel med bandet Universet.

– Camilla Jørgensen trollbatt med sine vakre tolkingar med song og gitarspel, og Sølvi Aemmer Hopland bevega med song og teks, for å nemne nokre, seier Berge, og legg til:

– Alle gjorde jobben sin og sett i samanheng med at dette var premiera, kunne det ikkje gått meir på skjener. Målsettinga for arrangørane var å lage ei multikunstnerisk/spirituell oppleving, noko Berge meiner dei fekk til.

– Eg syns eigentleg at vi nådde målsettinga vår. Men dette er første gongen vi arrangerer denne festivalen, og 97 prosent av tida vår har vi brukt på å førebu det praktiske ved festivalen, seier Berge, og held fram:

– Vi ser at festivalen vår har eit stort potensial og at det kan bli veldig mykje betre. Så lenge sola ikkje dette ned, så blir det festival neste år. Ideen og tanken bak festivalen, som har kome opp saman med Leonard Wolff, er veldig god.