Ti olabileigarar fekk vist seg fram under Halsør Grand Prix laurdag. Bygginga av olabilane samlar heile familiar.

– Eg var oppe heilt til klokka elleve i går, slik at vi skulle bli ferdige med bilen, fortel Alvhilde Hansen (10), som har bygd olabilen saman med søskenbarna Kenneth og Kjetil Aasebø og bestefar Jon Aasebø.

Olabilen til søskenbarna skilte seg ut blant bilane som var dekorerte i ulike fargar og mønster, med stjerner eller hovudskallar. – Vi rakk aldri å pynte bilen. Planen var eigentleg å ha eit oljefat på fronten, slik at denne kunne likna på Il Tempo Gigante, smiler Jon.

Samlande og lærerikt

For å lage seg ein olabil til den andre utgåva av Halsør Grand Prix, har Jon samla saman gamle ting som eigentleg skulle kastast.

– Ramma nede er laga av eit gamalt bord som vi er snudd opp ned, ramma rundt sjåføren er laga av stolbein, rattet er frå ein bil og hjula er frå ei barnevogn. Det einaste vi har kjøpt til bilen er ein vaier, forklarar han.

– Vi har jobba veldig masse. Vi måtte forlenge ramma nede, så vi har både sveisa og saga, seier Kjetil.

I tillegg til at det var vore mykje jobb med bilen har det gitt barnebarn og bestefar mykje tid i lag. – Det er klart at det er veldig kjekt å ha noko å gjere saman med barnebarna, seier Jon.

Vått, men vellukka

I tillegg til olabilløpet vart det arrangert blant anna eit 12 kilometer langt sykkelløp rundt Nord-Vågsøy. I tillegg var det utstilling av bilar og motorsyklar, og det var aktivitetar for barna i målområdet. Ein hadde også eit festivaltelt med kiosk.

– Arrangementet er veldig vêravhengig, på same måte som andre utandørsarrangement. Det er veldig synd at vi måtte avlyse nokre programpostar, men slik vart det. Men det såg ut som at dei som hadde møtt fram kosa seg, seier medarrangør Janne Halsør, som anslår at det kan ha vore 200–250 personar innom.

– Vi har ikkje hatt evalueringsmøte, men eg trur og håper at vi utviklar oss og lagar eit enno betre arrangement neste år. Kanskje får vi litt betre vêr, smiler Halsør.