Blant dei seks barna som skal spele Knøttene er Jeamray Honningsvåg (10) frå Stad og Kaisa Flaten Brekke (10) frå Eid.

Jeamray Honningsvåg har fått rolla som sjølvaste Snoopy i Opera Nordfjord si framsyning Du er ein god mann, Charlie Brown.

Han trur det skal bli morosamt å spele hund sjølv om han ikkje heilt veit korleis han skal gjere det enno.

Og så trur han det kan bli vanskeleg berre å ligge på taket av hundehuset og slappe av, sånn som Snoopy gjer, for det likar han ikkje.

– Men eg har lese gjennom heile manuset og det er veldig morosamt, seier han.

Kaisa Flaten Brekke frå Eid gler seg også.

– Eg er glad i å synge. Det var derfor eg melde meg på audition, seier ho.

Sjølvaste Baltus skal spelast av Truls Bakke Flåm (11) frå Hornindal. Han er også fornøgd med manus.

– Det er bra å få slike ting som barn kan like, og ikkje berre vaksne, seier han.

Årets familiemusikal

Operasjef Kari Standal Pavelich sit igjen med ei god kjensle etter den første leseprøva med skodespelarane.

– Det er verkeleg ein fin gjeng. Dette kjem til å bli bra, smiler ho.

– Ja, alle syng, og så er det nokre roller som har meir dans, mellom anna Snoopy. Candice Bredesen er koreograf og skal jobbe med dei.

– Kvifor valde de ein amerikansk musikal frå 1967 som årets familiemusikal?

– Michael (Pavelich, regissør og musikalsk leiar) kjende den frå USA, han vaks opp med teikneserien og visdomsorda til figurane. For oss er det også ein passande produksjon, noko vi har budsjett til. Det er verken mange aktørar på scena eller krevjande sceneelement, seier Standal Pavelich, som håpar musikalvalet vil appellere.

– Sjølv om ein ikkje har vakse opp med dette, så er det underhaldning for heile familien. Utruleg morosame replikkar og gullkorn frå barnemunn på høgt nivå. Alle kan kjenne seg igjen i dei filosofiske betraktningane som peikar på både styrkar og svakheiter.

Fekk prøve seg i rollene

Nyleg hadde dei seks skodespelarane si første leseprøve saman med regissør og musikalsk leiar Michael Pavelich.

– Vi er fornøgd med skodespelarvalet, ikkje minst etter at vi har høyrt dei lese og synge seg gjennom rollene, seier Kari Standal Pavelich.

Barna fekk prøve seg på både teksten og songane. Og dei blei ikkje avskrekka.

– Nei, eg har lyst å oppleve sånne ting som dette. Eg har lyst å vere skodespelar og stå på scena, seier Truls Bakke Flåm, som spelar Charlie Brown.

Musikalen, som opphavleg er skrive av Clark Gesner i 1967, med ein revidert versjon i 1998, er oversett frå amerikansk til nynorsk av Jostein Avdem Fretland.

Musikalen Du er ein god mann, Charlie Brown blir spelt i Kultursalen i Operahuset Nordfjord fredag 25., laurdag 26. og søndag 27. november.