Namn: Alf Seljen HendenAlder: 15 årSivilstatus: singelYrke: bonde og elevBustad: Hennebygda

– Kva er du mest oppteken av? – Eg er mest oppteken av bil og data.

– Kva gjer du på fritida?– Eg spelar og driv ein del med musikk. Blant anna trekkspel.

– Kven beundrar du? – Eg beundrar foreldra mine.

– Kva er det beste med heimstaden din? – Det beste er stillheita, fjorden og fjella.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende? – Det klarer eg ikkje bestemme meg for.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag? – Eg hadde tenkt på alle dei små bygdene, og lagt litt meir pengar der.

– Kva kulturoppleving hugsar du best? – Kjem ikkje på ei spesiell hending. Men eg var blant anna med som frivillig på Malakoff i år, og det var ei veldig kjekk oppleving, sjølv om det blei mykje jobb.

– Kva har du på nattbordet? – Mobilen, og eitt bilete av garden eg bur på.

– Kva nettsider er du innom i løpet av ein dag? – Facebook, Youtube og lightningmap.org

– Kva er din største draum? – Eg drøymer om å bli ein stor trekkspelar.