Namn: Lovise Marie Husevåg Alder: 20Sivilstand: aleimemor til to fantastiske barn Bustad: Holvik Yrke: heimeværeande mor

– Kva er du mest oppteken av?– Eg er mest oppteken av at alle, gamle som unge, skal få det dei treng og har rett på. Synest det er viktig at alle får utfalde seg og ha trygge omgjevnadar rundt seg.

– Kva gjer du på fritida? – Fritida mi går til å kose meg saman med borna mine.

– Kven beundrar du?– Eg beundrar mora mi, Eli og bestemora mi, Klara. Dei stiller alltid opp når det trengst! Dei er fantastiske!

– Kva er det beste med heimstaden din?– Det beste må vere alle dei flotte øyane vi har rundt oss. Mi favorittøy er sjølvsagt Husevåg.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende? – Stor symjehall vert bygd i Vågsøy!

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag? – Om eg var ordfører for ein dag ville eg ha ordna med enda ein barnehagebuss, slik at alle ungane i kommunen kunne ha fått reise på fleire turar.

– Kva kulturoppleving hugsar du best? – Dragseidspelet i år. Alle som var med der var utruleg flinke!

– Kva har du på nattbordet? – Smokker og mobil.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag? – Facebook, vg og fjt.

– Kva er meininga med livet? – Meiniga med livet må vere å ta vare på kvarandre, slik at alle har det godt.