Greenland Whalefishers skal snart spele konsert både i Frankrike og Tyskland. Bandet spelar ei blanding av keltisk folkemusikk og britisk 70-tallspunk. Laurdag blir dei å høyre på Opp Trappa i Eid. Atle-Hjørn Øien fra Stårheim står t.v. på bildet. Foto: Kristina Aurore Kvåle

Legg ut på turné med bandet

Utover hausten skal Greenland Whalefishers på turné både i Frankrike og Tyskland, men fyrst står Opp Trappa for tur.

Fyrstkomande laurdag spelar irskfolkpunk-bandet Greenland Whalefishers på Opp Trappa på Nordfjordeid. Bandet held til i Bergen, men halvparten av medlemmane kjem opphavleg frå Sogn og Fjordane, deriblant Atle-Hjørn Øien frå Stårheim.

– Eg har som fast tradisjon å vere publikum på Malakoff Rockfestival. Då har eg ofte vore innom Opp Trappa for ei avveksling, så dette blir kjempekjekt, seier vokalist og grunnleggjar av bandet, Arvid Grov.

Greenland Whalefishers har eksistert i 22 år og spelt rundt om i store deler av verda, inkludert stader som Tokyo, Las Vegas, Hollywood, Berlin, London, Los Angeles, Praha, Krakow, Antwerpen og fleire. Nyleg var dei på turné i Irland for fyrste gong, der dei var innom både Belfast og Dublin, og seinare står altså Frankrike og Tyskland for tur, skriv bandet i ei pressemelding.

Greenland Whalefishers består av Arvid Grov, Agnes Skollevoll, Kristian Malmo, Atle-Hjørn Øien, Alexander Bjotveit, Ronny Terum og Ørjan Eikeland Risan.
Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå