Namn: Lisa Gil

Alder: 26 år

Sivilstatus: kjæreste

Bustad: Holvik

Yrke: barnehageassistent

– Kva er du mest oppteken av?

– Det beste er jo å tilbringe tid med familien min, kjæresten min, og vennane mine. Alle partane er hovudgrunnen til mitt smil, og eg våga å påstå at eg klarer å bidra til deira smil også. Elles likar eg å følge med på engelsk fotball. Heile familien min er heilt fotballfrelst, så ein kan gjerne seie at eg fekk det inn med morsmelka.

– Kva gjer du på fritida?

– På fritida mi likar eg å vere sosial med alle dei eg nemnte over. Enten vi ser ein god film, spelar spel, tar ein tur på kafé eller liknande. Elles er eg veldig glad i å reise når sjansen byr seg. Oftast går turen til Manchester for å sjå Manchester United spele kamp.

– Kven beundrar du?

– Beundrar... Det er egentlig veldig mange! Men bestemora mi var absolutt ei dame å beundre. Ho opplevde så altfor mykje tragedie og sorg i livet sitt. Likevel var ho ei utruleg positiv og sterk dame. Prøvde alltid å sjå på dei lyse sidene i livet, og sat alltid andre framfor seg sjølv. Dei eigenskapane har forresten mor mi arva etter ho.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det beste med heimplassen min er enkelt. Det er rett og slett når eg har vore vekkreist nokon dagar eller veker, og kjem tilbake. Den kjensla eg får når eg kjem til Måløybrua og køyrer over den. Det er då eg kjenner heimkjensla. Då kjenner eg roa i sjela, og den kjensla er fin. Det å handle på butikkane her å bli helsa på med fornamn, og ein «korleis går det?» fordi alle kjenner alle er også veldig koseleg.

Om eg skal gje eit svar for tilreisande så er det den fantastiske naturen vi har å vise fram eg vil legge vekt på.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?

– Mange nye arbeidsplassar i Vågsøy Kommune.

– Kva hadde du gjort om du var ordførar for ein dag?

– Hadde eg våkna opp ein dag og forstått at eg var ordførar, så hadde eg nok kasta meg over telefonen for å fått nokon tips og innspel frå pappa.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Det er mange. Men den første som dukkar opp i tankane mine er då det var Queen Show på Måløydagane i 2015. For ei stemning!

– Kva har du på nattbordet?

– Nasespray og mobilen.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Vg.no, fjt.no, yr.no og united.no. Elles går det ein del i sosiale medier også.

– Kva er meininga med livet?

– Det er eit vanskeleg spørsmål, men samtidig ganske enkelt. Er det slik at vi berre har eit liv, så tenker eg at meninga med det må sjølvsagt vere å fylle det med ting som gjer deg lykkeleg. Og ikkje minst, bidra til at andre også er lykkelege. Eg veit i alle fall at eg vil fylle mitt med opplevingar, kjærleik, erfaringar og visdom. Og kan eg bidra i andre sitt liv med nokon av dei tinga, veit eg i alle fall at det vil gi mitt liv mykje meining.