Laurdag 24. september kjem Adam Douglas and The Last Tarpans til haustfesten på Havly i Bremanger.

– Vi treng alle å komme oss ut av stova ein laurdagskveld i ny og ne! Vi vil med dette oppmode alle om å bli med å prise hausten med ein musikalsk kveld på Havly, skriv arrangørane i ei pressemelding.

– Adam er ein dyktig gitarist og har ei stemme som når over fire oktavar og som overgår dei fleste i kraft og klang. Han har lenge hatt eit særdeles sterkt namn i musikarkretsar og spelt med mellom anna Jon Bon Jovi, Larry Carlton, Robben Ford og Michael Landau i USA, skriv arrangørane.