Namn: Veslemøy Ervik

Alder: 47 år

Sivilstatus: singel og mor til to kjekke gutar

Bustad: Syvde

Yrke: ungdomskulturarbeidar i Vanylven kommune

– Kva er du mest oppteken av?

– Eg er oppteken av å gjere kvardagen så god som råd er. Det er jo tross alt kvardagar vi har mest av. Den kan vere utfordrande, alt går ikkje alltid på skinner, så difor må vi alle gjere ein innsats for å lage ein fin dag. Dette gjeld både for meg sjølv og for dei eg møter i min kvardag.

– Kva gjer du på fritida?

– Eg går på fjellet, syng i kor og møter familie og vener.

– Kven beundrar du?

– Kirkens bymisjon. Dei utgjer ein stor skilnad for dei vanskelegstilte i samfunnet.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det beste med heimstaden min er at eg har mange vener og familie her, eg har ein jobb eg stortrivast i og det er stor variasjon mellom fjord og fjell.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?

– Opning av nyevegen mellom Kjøde og Stadlandet!

– Kva ville du ha gjort om du var ordfører for ein dag?

– Eg hadde booka om alle møta og lagt dei utandørs. Ein fin tur i fjellet kunne løyst mange floker, det er lite som frigjer tankane og løftar blikka våre så godt som på ein vandretur i fjellheimen vår. Ein effektiv ordførardag treng ei god dose endorfinar.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Oslo Spektrum, saman med søstra mi Grethe. Verdenskoret stod på scena og framførte juleoratoriet, Händel’s Messias.

– Kva har du på nattbordet?

– Manus, headset og mobil. Manus fordi eg også er lærar i kulturskulen, med ei dramagruppe på 18 kjekke elevar.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Zalando for litt inspirasjon, facebook og instagram for ei dagleg dose av omverda, litt nettaviser og Spotify sjølvsagt. Eg høyrer mykje på musikk.

– Kva er meininga med livet?

– At ein finn trivsel og glede i den situasjonen ein måtte vere i, det er dei små kvardagsgledene som gir livet verdi. Mottoet mitt er «lag ein fin dag».