To brør med anar frå Eid har funne sin plass som frittståande møbelprodusent mellom store konkurrentar.

Det er ikkje berre i Sykkylven, Stordal og på Stranda at dei lagar møblar. Det gjer dei på Blindheim i Ålesund, også.

– Det er nok ikkje alle som køyrer forbi her som veit at det blir produsert møblar i denne bygninga. Iallfall ikkje blant dei yngre, meiner Knut Johan Hjelmeland.

Har band til Eid

63-åringen og broren Nils Egil på 56 år eig og driv Hjelmeland Møbler/Nils Hjelmeland & Co.

Der er dei altmoglegmenn i ei lita bedrift med seks tilsette, ei bedrift som faren Nils frå Hjelmelandsdalen i Eid starta opp i 1953. Og dei to brørne har framleis tilhøyrsle til faren sin heimkommune.

Knut Johan (t.v.) og Nils Egil eig halvparten kvar av møbelbedrifta på Blindheim i Ålesund.

– Vi har ein liten gard, eller fritidsbustad, i Hjelmelandsdalen som mor vår eig. Der er det totalt eit par hundre mål, der 30 mål av dei er innmark, fortel Nils Egil.

– Og så leverer vi jo også til Karl Sunde Møbler på Nordfjordeid, legg han til.

Stoppmøblar

Hjelmeland Møbler/Nils Hjelmeland & Co har sidan starten spesialisert seg på produksjon av stoppmøblar, altså stolar og sofaer.

Knut Johan og Nils Egil har delt litt på oppgåvene. Eldstemann har hovudansvaret for marknaden, yngstemann for produksjonen. Men brørne tar i eit tak der det trengst, og det trengst ofte.

Held seg på riktig side

– Marknaden vår er cirka 40 frittståande forhandlarar over heile landet, samt sal i eigen butikk, fortel Knut Johan.

I butikken sel dei også møblar frå andre produsentar.

Brørne er klar over at dei er ei lita bedrift mellom store konkurrentar. Men dei har overlevd så langt.

– Vi har hatt overskot stort sett kvart år, seier Nils Egil.

– Og korleis gjekk det med rekneskapen i 2015?

– Då gjekk vi i balanse. Og det ligg an til å bli cirka det same i år som i fjor. Det blir ikkje noko meir enn det, fortset 56-åringen.

Broren Knut Johan trur nettopp det at dei er små, kortreiste og fleksible gjer at dei har eit lite fortrinn:

– Dersom ein kunde vil ha ein sofa ti centimeter kortare, så ordnar vi det utan problem. Dette gjerast i tillegg til våre standardmodular. Det er ikkje alle fabrikkar som kan gjere det, legg Nils Egil til.

Made in Norway

– Fleire andre møbelbedrifter på Sunnmøre har flagga ut. Det har ikkje de gjort?

– Nei, vi meiner marknaden framover vil ha møblar produsert i Norge.

– Godt utstyr og ein god, stabil arbeidsstokk er viktig, meiner Knut Johan.

– I forhold til marknaden så skulle vi ikkje ha eksistert. Men lave kostnadar, fleksibel produksjon, god sittekomfort og sikker levering med produksjon i Norge bergar oss, seier brørne Hjelmeland i fabrikk og butikklokala på Blindheim i Ålesund.