Det blir Elvisfestival i Måløy også komande sommar. Då markerer festivalen at det er 40 år sidan Presley døde.

– Det blir «40th Anniversary Elvis Festival Måløy» 10. til 12. august 2017. Då skal vi, på ein heilt spesiell måte, markere at det er 40 år sidan Elvis «left the planet», seier Helge Hjelle og Geir Tharaldsen i festivalen.

Dei fortel at dei vil lage den fjerde festivalen fordi merkevara Elvisfestivalen i Måløy stadig blir sterkare. Samstundes kjem det sannsynlegvis ein TV-dokumentar om Elvis sin posisjon i Norge i dag, der Måløy har ei sentral rolle.

Ifølge arrangørane presenterte dei det beste programmet noko sinne i år.

– Mykje av det som skulle skje i gata regna vekk, men vi fekk til eit par nye ting. To nye programpostar som vart ein stor suksess, og som vi vil halde fram med å utvikle, er «The Young Ones» og konserten på Kulatoppen omsorgssenter, seier Hjelle, som legg til at ein halvtime etter at konserten vart avslutta på Kulatoppen fekk dei ønskje om ein liknande konsert på Skaretun omsorgssenter på Raudeberg.

– Vi såg at dette vart eit svært populært tilbod i fjor. Sjølv med mykje regn fylte vi opp teltet på dagtid laurdag. Så i planlegginga av neste års arrangement har vi fått med oss Håkon Kongshaug til å vidareutvikle dette, seier Hjelle og Tharaldsen, som vidare fortel at dei har nye og veldig spennande ting på gang.

– Vi kan ikkje seie så mykje om det, men dette er noko vi håpar kan inkludere alle i festivalen. I tillegg vil vi halde fram med kyrkjekonsert og underhaldning i teltet og gata.

– Vi har fått signal om at det kjem ei gruppe på 50 personar tilreisande. Det er mange som når dei reiser frå festivalen sit igjen med kjensla av at «I cant help falling in love with you, Måløy», smiler Tharaldsen.