Rosa Sløyfe Aksjonen vart arrangert i sentrum av Måløy i dag, laurdag.

På Torget var det underhaldning frå scena, leikeområde for barn og moglegheiter til å kjøpe seg både rosa freistingar, kaffi, kake, egg, tørrsild, krabbe og mykje anna.

Aktivitetane samla både små og store til ein aktiv og rosa dag.

Motbakkeløpet Veten Opp gjekk føre seg samstundes. Der var det konkurranse- og mosjonsklasse. I tillegg vart det arrangert eit gateløp. Premieutdelinga avslutta programmet på Torget.