Øystein Mathisen fekk eit sokn til på kjøpet når han no blir ny sokneprest i Eid, Stårheim og Kjølsdalen.

Mathisen søkte eigentleg på stillinga i den tru at han skulle bli sokneprest i Eid og Stårheim, men grunna mangel på prestar vert det tre sokn på den nye presten.

Glad i folk

– Eg er glad i folk og glad i å møte folk. Eg både prøver og ønskjer å formidle det glade bodskap på ein forståeleg måte og med eit forståeleg språk til moderne menneske, seier Mathisen etter sine første gudstenester i Eid kyrkje og Kjølsdalen kyrkje.

Mathisen kjem frå Hobøl kommune, og vaks opp i ein kristen heim. Han har studert journalistikk og teologi i den rekkefølga.

Soknepresten har flytta inn i prestegarden på Nordfjordeid.

– Den er altfor stor til eitt menneske. Det må vere minst tre meter under taket her, eit eige stabbur med overnattingsmoglegheiter og store hage med eple og plommetre. Eg kjem nok ikkje til å nytte meir enn ein tredjedel av prestegarden til å byrje med, konstaterer den nye soknepresten.

Sportsinteressert

Mathisen kjem til Nordfjord frå stillinga som kapellan i Tonsen kirke i Oslo.

Mathisen har ifølge han sjølv ei sportsinteresse, og når det kjem til fotball er det Liverpool som er laget.

– Heile evangeliet kan samanfattast med YNWA (You'll never walk alone, fotballklubben Liverpool sitt motto, journ.anm), for Jesus seier det at eg er med dykk alle dagar inn til verdas ende.