Ida-Adele Henden (9) var ein av mange som ville støtte Rosa Sløyfe Aksjonen i Måløy laurdag. Niåringen stilte med eige utsal der halvparten av inntektene gjekk til aksjonen.

– Eg synest det er veldig kjekt å gi, så eg vart veldig glad då mamma sa eg hadde fått lov til å selje pannebanda mine her i dag, sa Ida-Adele medan ho rigga til standen sin på Torget.

Sidan sommaren har ho strikka 75 panneband. Ifølge mamma Veronika Rød Henden er det einaste ho bidrar med å sy saman pannebanda. Ida-Adele har også si eiga side på nettstaden Finn der ho sel pannebanda, men mange blir gitt vekk som bursdagsgåver.

Sjølv om Ida-Adele synst det er veldig kjekt å gi, sparar ho også til noko ho ønskjer seg.

– Eg sparar til båt. Eg ser etter ein som kostar under 20.000 kroner. Eg synst det er veldig kjekt å vere på sjøen og å få havkjensla og fiske, smiler ho.

Set pris på initiativ

Niåringen hadde med seg 16 panneband som ho hadde strikka sjølv på standen sin. Då dagen var omme hadde ho berre eitt att. Ida-Adele kunne stolt overlevere 600 kroner til brystkreftforeininga ved Solbjørg Iversen og Britt Gotteberg.

– Dette er heilt utruleg. Ho er veldig flink, og kjem til å bli ei god forretningskvinne, smiler Iversen og Gotteberg, som set stor pris på initiativet.

Dei to stod på stand og selde effektar med rosa sløyfe for aksjonen.

Gotteberg og Iversen har begge vore ramma av brystkreft, men er i dag friske.

– Dette er ei viktig sak for oss, og vi vil støtte andre som går gjennom det same. Etter ein slik diagnose og prosess for å bli frisk får ein eit anna syn på livet, seier Iversen.

– Kreft er dessverre den nye folkesjukdomen, så det er viktig å støtte denne aksjonen, legg Iversen og Gotteberg til.

Denne oppmodinga var det mange som følte laurdag.

Positive tilbakemeldingar

I tillegg til standen til Ida-Adele og brystkreftforeininga var det mogleg å kjøpe seg rosa freistingar, sportsklede, sjømat, tørrsild, egg og mykje meir. Frå scena på torget var det underhaldning med blant anna Håkon Kongshaug og ein flash mob-dans, som var ei reprise frå i fjor, i samband med femårsjubileet til arrangementet. Mange nytta seg også av leikeområdet som var laga til.

Torill Eide Tennebø er svært godt nøgd med arrangementet og frammøtet.

– Det var mykje folk på Torget gjennom heile dagen og vi har fått veldig positive tilbakemeldingar frå dei som besøkte oss. Vi har enno ikkje oversikt over kor mykje vi har klart å samle inn, men folk har vore veldig flinke til å støtte denne viktig aksjonen, seier ho.

Eit hardt løp

I tillegg til aktivitetane på Torget i Måløy vart motbakkeløpet Veten Opp og eit eige gateløp arrangert denne dagen. 61 deltakarar sprang og gjekk opp dei 613 høgdemeterane, medan 105 personar kjøpte seg startband til gateløpet.

Blant dei som sprang til toppen i konkurranseklassa var Arild Lofnes frå Måløy og Jostein Visnes frå Almenningen.

– Eg har sjølv hatt kreft tilbake i 1995, så i dag spring eg for kreftsaka, sa Lofnes, som forbetra sin eigen rekord frå i fjor.

I år sprang han inn på tida 39 minutt og 54 sekund.

– Det var veldig hardt, men eg er godt fornøgd med løpet, sa Lofnes etter innsatsen. For Visnes, som er 74 år gamal handla det både om konkurranse og sak.

– Eg blir veldig motivert av konkurransen, sjølv om eg nok kjem til å kome inn som sistemann. Men eg spring òg for saka. Eg mista mor mi i kreft, fortel Visnes, som kom på toppen av Veten 49 minutt og 23 sekund etter at starta på Torget i Måløy.

613 høgdemeter på 27.27

61 deltakarar stilte på startstreken i Veten Opp denne helga. Jan Olav Tjønneland frå Førde var den raskaste av dei alle.

Tjønneland brukte 27 minutt og 27 sekund frå Torget i Måløy til toppen av Veten. Dette er berre 51 sekund bak løyperekorden til Arve Rindal frå Eid. Han sprang Veten opp på 26 minutt og 33 sekund i 2013.

På andreplass i herreklassa kom Fredrik Hovdevik frå Åheim som satsar på motbakke- og terrengløp. Han sprang inn på tida 29.05.

– Det var eit hard løp, men veldig kjekt. Eg har delteke før, så eg kjenner løypa. Eg hadde ikkje sjanse mot Tjønneland, men neste gong vi spring mot kvarandre skal eg ta han, sa Hovdevik etter løpet.

Også i dameklassa vart det bortesiger. Merete Helgheim frå Førde gjennomførte dei 613 høgdemeterane på 30 minutt og 57 sekund.

Eirin Aasen Kvalheim frå Måløy vart den beste lokale dama med tida 30.57.

– Det er første gong eg deltek, så det blir spennande å sjå korleis det går, sa Aasen Kvalheim før løpet starta.

I ungdomsklassa var det ein deltakar, som naturleg nok vann klassa si. Dette var Adrian Vallestad frå Holsen, som sprang inn på tida 35.13.