Namn: Hildegunn G. Silden

Alder: 32 år

Adresse: Tennebø

Sivilstatus: gift med ein super mann og saman har vi tre flotte jenter

Yrke: pedagogisk leiar hos Trollskogen barnehage

Hobby: song, kreativ utfalding, vere ute og vere saman med familie og vener

Aktuell med: syng i Viltkoret, som må avlyse utekonsert i Okshola 30. september, men som kompenserer med ein utvida Syng med oss 12. november.

– Kvifor må de avlyse fredagens utekonsert?

– Det er på grunn av obs-varselet som er sendt ut, om at det skal bli masse nedbør, vind og torevêr. Vi kan ikkje ta risikoen med utstyr som må stå ute over natta. Og så er det kanskje heller ikkje så hyggeleg for folk å kome på utekonsert i storm.

– Har de avlyst før?

– Nei, aldri! Det er frykteleg trasig og kjedeleg, men vi satsar på å kunne bruke noko av repertoaret som vi har øvd inn på ein utvida Syng med oss 12. november.

– Kan de ikkje flytte inn?

– Vi diskuterte det, men fann ut at vi ikkje har lyst å vatne ut konseptet vårt. Konserten i Okshola skal vere ute, og vere magisk med ei spesiell stemning. Då vil vi heller utsette eitt år og ta med nokre av songane vidare til Syng med oss.

– Kva er ein utvida Syng med oss?

– Vi pleier å ha eit slikt arrangement kvar haust med song frå koret, allsong, kaker og loddsal. Men i år har vi flytta det frå kantina ved Måløy vidaregåande skule til Samfunnshallen. Vi gjer det litt større og har invitert med oss Line Dybedal og Helgesenkoret som gjestar. Og her vil folk få høyre delar av det repertoaret vi hadde tenkt å synge i Okshola i år.

– Kva anna får ein høyre på denne konserten?

– Helgesen-koret vil synge masse songar, og ha dette som ein liten forsmak på den tradisjonelle julekonserten sin. Vi kjem til å synge ein miks av songar, inkludert litt frå Okshola-repertoaret. Og så blir det sjølvsagt allsong og anna moro.

– Korleis står det elles til med Viltkoret?

– Det går veldig fint. Vi er ei flott gruppe som har det veldig moro. Det er ein kreativ og sporty gjeng som kan få til det meste. Vi er heldige som kan halde på med ein så kjekk hobby. Tusen takk til alle som stiller opp og støttar oss når vi arrangerer ulike konsertar. Det gir oss både moglegheita og motivasjonen til å kunne halde på.