Mat­sku­len byr på opp­skrif­ter ut­ar­bei­da av MVS-ele­va­ne i La nature gourmet UB i sa­mar­beid med ­kokk- og servitørfaglæ­ra­ra­ne Iren Ham­mers­vik, Bente Iren Vonheim og Mo­ni­ca Iren Ven­øy Lexau. I dag har Jeremy Admiral laga krabbesalat.

Krabben er no på sitt beste, men ein treng ikkje bare nyte den tradisjonelt på skive med majones. Jeremy byr på ein smakfull krabbesalat som kan brukast både som forrett og som eigen smårett.

Dette treng du (nok til fire porsjonar):

  • 400 gr. krabbekjøt, frå sjølve krabbehuset og klokjøtt.

  • 4 ss. majones

  • 2 ss. crème fraîche

  • 1 ts ingefær, finkutta

  • 1 ts. raud chili, finkutta

  • ½ avokado, i fine terningar

  • ½ kvitløksfedd, finkutta

  • ¼ sjalottlauk, finkutta

  • Tomatconcassè av 1 tomat, i fine terningar.

  • Salt og pepar

  • Sitronsaft

Slik lagar du salaten:

Bland saman alle ingrediensane. Bruk så mykje majones/crème fraîchat du får ein krema konsistens. Smak til med salt, pepar og sitron.

Tomatconcassè:

Skjær eit kryss på toppen av tomaten og legg den i kokande vatn til skinnet løsnar. Legg over i iskaldt vatn, ta av skinnet, del den i to og ta ut innmaten. Skjær tomatkjøtet i terningar. Innmaten av tomaten kan for eksempel brukast til pizzafyll.

Tips: Ein krabbesalat kan serverast åleine, eller slik vi gjorde det; på rista loff, gjerne med salatblad. Pynt gjerne med ei reinska krabbeklo på toppen.

Tips: Før du ristar loffen kan du gjerne risle litt olje på og ha på tørka urter etter smak.