Mat­sku­len byr på opp­skrif­ter ut­ar­bei­da av MVS-ele­va­ne i La nature gourmet UB i sa­mar­beid med ­kokk- og servitørfaglæ­ra­ra­ne Iren Ham­mers­vik, Bente Iren Vonheim og Mo­ni­ca Iren Ven­øy Lexau. I dag har Jeremy Admiral laga krabbesalat.

Tagliatelle med roccula og gorgonzolasaus er ein enkel pastarett med mykje deileg smak. Du kan enten lage din eigen pasta eller kjøpe ferdig. Om du ikkje får tak i osten Gorgonzola kan du bruke osten Norzola i staden.

Dette treng du (oppskrifta rekk til seks personar):

  • 400 gr. tagliatelle

  • 50 gr. smør

  • 3 dl. fløyte

  • 300 gr. gorgonzola i små bitar

  • 100 gr. mozzarella i små bitar

  • 1 pk. reinska roccula, grovhakka

  • 8 skiver parmaskinke

  • Pepar og salt.

Slik lagar du retten:

Varm opp fløyte og smør, rør inn ostane til dei smeltar og blir ein fyldig saus. Smak til med salt og pepar. Kok pastaen, hell av vatnet og damp den litt tørr. Bland inn sausen og roccula. Anrett i egna skål, dander parmaskinke rundt om. Pynt gjerne med cherrytomatar.