Opera Nordfjord arrangerer konsert i Eid kyrkje onsdag 12. oktober til inntekt for TV-Aksjonen.

– Det har blitt ein fast tradisjon å støtte dette arrangementet, og også i år er det stor interesse for å bidra med konsertinnslag, skriv Opera Nordfjord i ei pressemelding.

– Frå det varierte konsertrepertoaret kan ein nemne mellom anna ein arie av Vivaldi med den danske sopranen Ditte Højgaard Andersen, arien Lord God of Abraham frå oratoriet Elias av Mendelssohn med baryton Trond Halstein Moe og Fløytekvartett og Hornkvintett av Mozart med musikarar frå operaorkesteret, for å nemne nokre av innslaga, skriv dei, og legg til:

TV-aksjonen har blitt arrangert kvar haust ein søndag i oktober sidan 1974. I år går TV-aksjonen av stabelen 23. oktober, og inntektene går til Norges Røde Kors.