Ein firar på terningen frå Filmpolitiet er blant tilbakemeldingane regissør Hallvard Bræin har fått etter at Børning 2 har blitt vist på kino.

Regissøren, med familieband til Åheim, fekk sitt store gjennombrot i 2014 med den fartsfylte bilfilmen Børning. No rullar oppfølgaren over kinolerret landet over, og filmen har hausta mange gode ord.

Nærmare 400.000 såg den første fartsfylte filmen på kino, og den fekk fire Amanda-prisar under Filmfestivalen i Haugesund i fjor.

Og så sjåarane er begeistra for filmen, og på Filmweb gir publikum filmen 7.8 av 10 moglege poeng.

Som i den første filmen bilar, løp og glimt i auge viktige faktorar. Løpet i filmen blir vilt og vanskeleg; over fjell, glatte vegar og isete innsjøar. Det blir også ei jakt mellom bilane og politiet som gjer alt dei kan for å stoppe løpet.

«Jeg har allerede begynt å glede meg til den tredje i rekken. For om den første var litt famlende og letende etter riktig format, synes jeg de har funnet formen i andre runde.», skriver Broom, som gir filmen terningkast 5.