Mat­sku­len byr på opp­skrif­ter ut­ar­bei­da av MVS-ele­va­ne i La nature gourmet UB i sa­mar­beid med ­kokk- og servitørfaglæ­ra­ra­ne Iren Ham­mers­vik, Bente Iren Vonheim og Mo­ni­ca Iren Ven­øy Lexau. I dag har Jeremy Admiral laga krabbesalat.

Namnet «cupcakes» kjem frå USA, og har opphav frå koppane dei blei bakt i, før dei meir praktiske papirformene kom. Her er oppskrift på nokre saftige cupcakes – toppa med rosa smørkrem med vaniljesmak.

Dette treng du til vel 25 cupcakes:

  • 250 g mjukt smør

  • 4 dl sukker

  • 4 store egg

  • 2 dl mjølk

  • 6 dl kveitemjøl

  • 3 ts bakepulver

  • 1 ts vaniljeessens

... og til smørkremen:

  • 250 g smør

  • 2 ts vaniljeessens

  • 1 dl mjølk

  • 12- 14 dl melis

Pynt:

kakestrøssel og konditorfarge

Slik lagar du cupcakes:

For å få luftige cupcakes er det viktig at du piskar ingrediensane godt. Begynn med å piske mjukt smør kvitt. Tilsett deretter sukker og pisk i vel tre minutt, då vil du ha fått ein luftig lys smørkrem.

Pisk inn eitt egg om gangen og pisk godt mellom kvart egg. Pisk så inn vaniljeessensen. Sikt saman mjøl og bakepulver, som du tilset vekselvis med mjølka.

Bruk miksaren til dette, men det er viktig at du no ikkje piskar lenger enn nødvendig for å få deiga godt blanda. Ha papirformene i muffinsbrett, fordel deiga i formene til dei er ¾ fulle.

Steik kakene midt i omnen ved 175 gr. c i 15–20 minutt. Avkjøl kakene i forma, før du pyntar med smørkrem.

Slik lagar du smørkrem:

Pisk det mjuke smøret luftig, tilsett smak, så vekselvis mjølk og melis. Pisk det godt luftig med miksar, det vil ta vel tre minutt. Tilset så farge, ha kremen i sprøytepose og sprøyt fine mønster på kakene.