Namn: Stein Robert Osdal

Alder: 43 år

Adresse: Håvika i Selje

Sivilstatus: gift, har tre ungar og ei svigerdotter

Yrke: ordførar i Selje kommune

Hobby: speidar, friluftsliv og eit sosialt liv

Aktuell med: er med å arrangere innsamlingskonserten for TV-aksjonen i Selje samfunnshus 21. oktober.

– Korleis kom ideen om ein innsamlingskonsert?

– Ideen kom i samband med oppstart av komiteen for årets TV-aksjon. Vi såg at innsamlingsbeløpet i Selje gjekk nedover og vi måtte gjere nokre grep for å løfte innsatsen på TV-aksjonen. Det er òg ei utfordring at det vert mindre setlar og myntar i omløp, så den tradisjonelle bøsseinnsamlinga trur eg er på veg bort. Derfor måtte vi tenkje nytt. Innsamlingskonsert og bedriftsstafett er to nye delaksjonar som vi set fokus på i år.

– Kven får ein sjå på scena fredagskvelden?

– Det er dyktige lokale artistar med eit aldersspenn frå 15 år til nesten 60 år. Mest kjend er Line Dybedal, som vi gler oss til å høyre. Mange vil nok få auga opp, for alle som står på scena er særs dyktige. Maria Helgesen, Marita Bødal Nybakk, Camilla Jørgensen, Hildegunn Vederhus og Seljes «grand old man» Bjørn Inge Berge. Så kvaliteten er på topp og eg gler meg til å høyre desse dyktige songarane og musikarane.

– Kva går årets TV-aksjon til?

– Det går til Røde Kors. Årets TV-aksjon skal redde liv og gi omfattande helsehjelp til nokon av dei mest sårbare i verda – sivile ramma av krig og konflikt. Meir enn to millionar menneske skal få livsviktig hjelp. Så dette er særdeles viktig at vi set fokus på.

– Og du håpar vel på fulle hus og solid støtte denne kvelden?

– Her må innbyggjarane i kommunen kjenne si besøkelsestid og ta turen. Eg håpar på fullt hus og ein kjempekveld

– Korleis trur du den komande innsamlingskonserten blir?

– Eg trur den vert bra og eit høgdepunkt i år. Og konserten er for folk i alle aldrar

– Kven sit i komiteen for TV-aksjonen i Selje?

– I komiteen sit underteikna, varaordførar Jan Vidar Smenes, Arne Seljen frå Røde Kors, Jason Peter og Marita Aarvik.

– Har de fått nok bøsseberarar i Selje kommune?

– Ja, bøsseberarane har vi kontroll på. Søndag går vi rundt i heile kommunen.