Han var tidlegare ein heimlaus singer-songwriter frå Nashville. Så blei han oppdaga av ei svensk countrystjerne.

Det resulterte i at Doug Seegers no er ei superstjerne i Sverige.

Laurdag 22. oktober kjem han til Operahuset Nordfjord for å halde konsert.

Det var i 2014 at livet til den amerikanske artisten endra seg brått. Frå å spele på gatene i Nashville, blei han ei stor superstjerne etter å ha deltatt i det svenske fjernsynsprogrammet Jills veranda.

Debutalbumet selde til platina og sidan har han spelt. Seegers har no gitt ut sitt andre album, Walking on the Edge of the World.

Artisten er for tida på ein norgesturnè, med Operahuset Eid som siste spelestad, skriv arrangøren.

Musikken til artisten beveger seg innanfor dei klassiske tradisjonane i dei amerikanske sørstatane, med country, soul, rock og blues som glir inn i kvarandre. Gjennom musikken sin fortel Doug Seegers om røyndomen han levde, og framleis til ei viss grad lever i.

For sjølv om han på ingen måte er fattig lenger, lever han likevel eit enkelt liv og held kontakten med dei gamle venene sine, skriv Operahuset Nordfjord.