Torskangerpoll Musikklag stiller fredag kveld med svingande poplåter under årets Heim i Haust.

Låter av mellom andre Frank Sinatra, Tom Jones, John Barry og ikkje minst kongen sjølv, Elvis Presley, står på menyen når Torskangerpoll Musikklag held populærkonsert på Raudeberg.

– Det er veldig synd at Isak har blitt sjuk, men vi håper at folk kjem og støttar opp om dette uansett, seier arrangør Edvard Iversen i Heim i Haust.

– «The show must go on», som dei seier, legg Iversen til.

Torskangerpoll Musikklag kjem rett frå oktoberfest i Spania der dei heldt fire konsertar og imponerte stort. Konserten vil innehalde det same repertoaret sjølv om Søraa ikkje kan vere med.

I 2014 laga Torskangerpoll Musikklag og Isak Søraa eit Elvis-show som vart framført mellom anna på Elvis-festivalen. Litt av den musikken vil bli teken fram under konserten. I tillegg blir det musikk frå mange andre kjende artistar.