Kva skjer med kommunikasjonen mellom menneske når ein kan vere anonym? Kven er eigentleg desse «nettrolla» og kva er det som driv dei? Har du sjølv vore eit nettroll nokon gong?

I teaterframsyninga “Do Not Feed the Trolls” tek det internasjonale teaterkompaniet The Krumple føre seg råskapen, skadefryden og den håplause idiotien hos moderne internettroll.

Teaterkompaniet kjem til Måløy vidaregåaande skule i morgon, torsdag. Framsyninga vert i Nordfjordhallen.

Denne veka og neste er dei på turné med Den kulturelle skulesekken til alle elevar i 1. og 2. klasse på dei vidaregåande skulane i fylket.

I teaterstykket, forkledd som ein enkel bokturne, tek the Krumple publikum med på ei marerittaktig reise inn i ei verd av internettrolling. Førdejenta Oda Kirkebø Nyfløtt spelar hovudrolla som Lisa Holloway, ei alminneleg jente som vågar seg ut på internett.

Etter framsyninga vert det ei samtale mellom skodespelarane og elevane i salen.