Vågsøy Hundeklubb har sendt oss dette referatet fra deres tur til Førde Brukshundklubb sin årlige utstilling:

Medlemmar i Vågsøy hundeklubb driv med ulike aktiviteter for hund. Denne gangen har vi hatt nokre rundar i utstillingsringen. Nybada, børsta og finpussa, klare til å bli kvalitetsvurderte i forhold til standard for dei ulike rasane og møte andre hundefolk, tok fire av oss turen til Sunnfjord for å delta på Førde Brukshundklubb si årlege utstilling for alle raser, arrangert 9.oktober i Gaularhallen. Vi forsynte oss godt frå premieringa.

Vi var representert med to kvalpar og to vaksne hundar. For den seks månader gamle portugisiske vannhunden Isostar's Lille Lilli (Lilli) og den åtte måneder gamle Lakeland terrieren Bamse-Brakars Dender (Temper) var dette debuten i utstillingsringen. Begge vart best i sin rase (BIR) og  plassert som nummer 3 og nummer 2 i sine respektive grupper.

Kystjenta's Frøya er av rasen Cavalier king charles spaniel . Ho fekk sitt andre setifikat på vegen mot norsk utstillingschampion (NUCH).  NUCH Wheatenhamrans Father To Son (Festus) er ein Irish softcoated wheaten terrier, ein mellomstor terrierrase. Han har allereie tittelen Norsk Utstillingschampion. Han vart BIR og plassert som nummer 3 i terriergruppa.