Mat­sku­len byr på opp­skrif­ter ut­ar­bei­da av MVS-ele­va­ne i La nature gourmet UB i sa­mar­beid med ­kokk- og servitørfaglæ­ra­ra­ne Iren Ham­mers­vik, Bente Iren Vonheim og Mo­ni­ca Iren Ven­øy Lexau. I dag har Jeremy Admiral laga krabbesalat.

Gnocchi er ein italiensk rett som blir kalla for potetpasta. Om ein ønsker å variere deigen, kan ein tilsette forskjellige urter. Gnocchi kan vere litt utfordrande å lage, det er viktig å ikkje jobbe for mykje med deigen, då blir den for seig. Gnocchi kan ein bruke som tilbehøyr der ein vanlegvis brukar potet eller pasta. Denne oppskrifta er nok til seks personar.

Dette treng du:

500 g. mandelpotet eller kerrs pink

1–2 eggeplomme

100 g. kveitemjøl

150 g. parmesan

Malt muskatnøtt

Salt og pepar

Slik lagar du gnocchi:

Kok potetene utan salt, damp dei tørre. Mos potetene, avkjøl litt før du tilset mjølet, eggeplommene og parmesanen. Smak til med salt, pepar og muskatnøtt. Deigen skal vere smidig, om den er klissete kan du tilsette litt meir mjøl.

Rull deigen til pølser og del i små ballar. Trill dei runde eller avlange, trykk gjerne ein gaffel i for å lage mønster.

Kok gnocchi i lettsalta kokande vatn, dei er ferdige når dei flyt opp, ca. 5–8 minutt.

Legg dei på eit olja brett eller vend dei i saus.