Mat­sku­len byr på opp­skrif­ter ut­ar­bei­da av MVS-ele­va­ne i La nature gourmet UB i sa­mar­beid med ­kokk- og servitørfaglæ­ra­ra­ne Iren Ham­mers­vik, Bente Iren Vonheim og Mo­ni­ca Iren Ven­øy Lexau. I dag har Sigrun Røyseth laga moussaka.

Mousakka passar perfekt å bruke til middag i ein travel periode. Det går fint å produsere den opp dagar før ein skal ete den og berre steike den. Server ein frisk salat og brød til. Oppskrifta er til åtte personar.

Dette treng du:

½ kg kverna kjøt av lam

750 gr poteter i tynne skiver

750 gr ferske auberginer i skiver

100 gr smør

4 ss mjøl

½ l mjølk

3 egg

200 g riven ost

1 lauk

½ kg hakka tomater, friske eller frå boks

3 knuste fedd kvitlauk

½ dl god olivenolje

Salt og pepar etter smak

Framgangsmåte:

Forvell og tørk potetskiver raskt. Dryp olivenolje og ha salt og pepar over. Bak i omnen på 140 grader i 15 min. Tørk av skivene.

Steik lauken gyllen i olivenolje, og set til tomatane og hvitlauken. Bland inn steikt kjøtdeig. Smak til med salt og pepar.

Lag ostesausen; smelt smøret, rør inn mjølet, og hell på mjølk medan du rører godt, la det småkoke i 10 minutt. Ha i den revne osten, smak til med salt og pepar. Avkjøl litt. Rør inn egga til slutt.

Legg ingrediensane lagvis i ei eldfast form. Start med kjøt og tomatsaus, så poteter, deretter ostesaus, og til slutt auberginskiver. Gjenta dette til du kjem til toppen. Avslutt med ostesausen og riven ost på toppen. Steik på 150 grader i cirka 40 – 50 minutt.