Olgunn Haugen presenterte i helga si nye bok «Skrinet og breva til bestefar», som er frå Stårheim og Haugen-området.

Ifølge forfattaren er boka dels slektshistorie, dels lokalhistorie og utvandrarhistorie.

– Då hovudhuset på Bjørhovde og gjort klart for dei nye eigarane, overtok far eit skrin han sa hadde høyrt til far hans. I skrinet var hundre brev frå sju søsken som hadde utvandra til Amerika i tida 1881–1890. I tillegg til papirlappar, dokument og bilete, gav desse breva meg inspirasjon til å finne ut meir om dei som reiste og dei som vart verande, seier forfattaren.

Ho er fødd i Ørsta, men er tredje generasjon av Johanne Marie Rød og Rasmus Rasmusson Torvik frå Turrvika på Stårheim.

– Kan livshistoriene i breva gje oss perspektiv på dei drivkrefter som får millionar til å søke mot Europa i vår tid?, spør forfattaren.