Matskulen byr på oppskrifter utarbeida av MVS-elevane i La nature gourmet UB i samarbeid med kokk- og servitørfaglærarane Iren Hammersvik, Bente Iren Vonheim og Monica Iren Venøy Lexau. I dag har Jeremy Admiral laga krabbesalat.
Bakt klippfisk er ein variasjon av bacalao som passar både til kvardags og til fest. Det er viktig å legge klippfisken til utvatning i tide, den treng gjerne 2–3 døgn. Oppskrifta rekk til 6 personar.
Dette treng du:
600 g. utvatna klippfisk
2 raude chili
4 klasetomatar
½ grøn squash
4 store sjalottlauk
2 dl svart oliven
4 fedd kvitlauk
2 dl god olivenolje
Salt og pepar
Friske urter som basilikum, timian eller rosmarin.
Slik lagar du retten:
Skjær klippfisken i serveringsbitar. Vask alle grønsaker og del dei i grove bitar. Legg dei i ei eldfast form, krydre lett med finhakka chili, kvitlauk og pepar. Det er lurt å vente med saltet til retten er ferdig, i tilfelle fisken er salt.
Hell over halvparten av oljen og bak fisken i omnen ved 200°C i ti minutt.
Ta ut forma og legg fiskestykka oppå grønsakene, hell over resten av oljen. Bak vidare i 5 minutt eller til fiskestykka er ferdige. Dryss over friske urter.
Server med potet, brød eller som den er.
Om du ikkje får tak i klippfisk, eller gløymer å legge den i vatn, kan du bruke fersk torsk i staden for.