Etter stor suksess med sommarshow under kystfestivalen i Kalvåg, tek damekoret utfordringa og lagar showet Juletøtter med Julenøtter for Knutholmen på Frøyenhuset.

Showet er eit samarbeid mellom Knutholmen og Kalvåg songlag, og damekoret har invitert med seg eit knippe gjestar som skal gje publikum fine musikkopplevingar og ein god latter.

Deretter er det eit nytt juleshow laurdag 10. desember. Då er hovudgjestane Norvall Klungresæter og Julekavadamene med Laila Beathe Førde, Hege Lillestøl Naustdal og Grete Berntzen, opplyser arrangørane.